Ein augneblink av magi

Jeg har en forkjærlighet for dikt på nynorsk, og av og til drister jeg meg meg ut i det ukjente og kaller det sjøl en slags dialekt.
Her følger siste åndsverk, rettskrevet eller ei 🙂

Ein augneblink av magi

Mor mi gav meg litt niste
Og ein tiar til sjokolade
Pengane må du ikkje miste
Husk skjeva med ost i pausen
Fekk eit kyss på kinnet og ha det

Trenaren ba oss spela for livet
Rivalane rykka opp med siger
Me sleit i motgang medan dei var i drivet
Eit poeng so haldt me plassen
Men oppgåva verka en smule diger

Fyste omgang gjekk ikkje heilt etter planen
Men Gribben sto godt i buret
Trots tre i stolpane og dominans på banen
Hang me likevel med
Me tråkka te og dei gjekk sure

Til pause sto det tre-to
Eg åt brød med ost medan Sneipen kjefta
Han var av dei som aldri fekk ro
Sigaretten hang slapt i munnviken
Men han likte ikkje å bli hefta

I andre omgang hendte det lite
Eg kom inn eit kvarter før slutt
Fekk beskjed om å rive og slite
Men rakk ikkje ete sjokoladen
Og følte meg ikkje skikkeleg butt

So var det berre få minutt att
Og dommaren kikka på klokka
Kjende eg meg ør og matt
Men Roffen gav meg ballen
For alle dei andre var blokka

Det var ein god pasning eg fekk
Heilt presis og ferdig dempa
Eg fekk kontroll og tok første trekk
Holdt meg rolig og såg meg rundt
Bakfra kom stopparen Kjempa

Eg kjende blikket hans i nakken
Og forsto eg låg dårleg an
Kjempa låg strak med beina frå bakken
Han ville takle med knottane fyrst
Men i dag var eg Kjempas overmann

Ei vending heilt i verdsklasse
Kjempa opp i bua, eg hadde klart det
Eg følte meg nett so ein brasse
I Spania-vm i åttito
Då dei tapte, men vant mitt hjarte

Eg forsøkte å klarne tankane
Skulle eg spela fram på spissen
Eller på ein av flankane
Ut til høgre, kan hende
Der flaug han unge, lovande Krissen

Klubba på topp sto og veiva
Han scora omtrent i kvar fjerde
Hadde to på hove og med eitt med keiva
Og Sneipen skreik og trua frå sida
Medan eg sto og tråkka på læret

So var augneblinken inne
Eg berre brente til alt eg makta
Der for det svart-kvite skinnet
Rett i tverren og inn
Forbi den grøne keeperdrakta

Eg vart dagens store helt
Eit år te i sjette skulle me få
Den beste sesongen me hadde spelt
Men i sekken låg noko og smelta
Ein sjokolade med papiret på

2 kommentarer


  1. Fantastisk fint!

    Vart nesten litt røyrt av barndomsminnet så fint!

    Fin form også! (frå ein ikkje-fotballar)


    1. Takk, takk! 🙂
      Kunne kanskje vært selvopplevd, men er ikke det, altså 🙂

Comments are closed.